Første gong eg postar her. Tenker berre å lufta tankane mine.
Hei, du. Ja, du. Du som trur eg og NN er kjæraster: Kutt ut. Det er utruleg uhøfleg å tru at eg lyg når eg vennleg seier at nei, eg er ikkje i lag med NN. Du kjenner oss ikkje, så back off.
Apropos forhold: Den kjensla når ein innser at ein ikkje saknar eks-kjærasten sin (sjølv om ein ikkje har gjort det på lenge, tek det tid å synka inn).
Nynorsk? Ja. Det er fint. Eg likar å skriva nynorsk, men ikkje mobb meg for å vera inkonsekvent når eg skriv bokmål på FB. Eg gjer det av høflegheit til nokon utanlandske vener som synes eg har noko fornuftig å seia, men som ikkje kan nynorsk.
Og du, person fra Firma, du kunne spurt kommuna om nummeret mitt. Det er superuproft å legga meg til på ein privat FB-konto for å spørja om bedriftsrelaterte detaljer. Eeeesh.
... Takk for meg. <.<